Bildebank, Skodje kommune

Planer til drøfting

Moderator: Arnold Hoddevik

Post Reply
User avatar
Haavard Hopland
Posts: 57
Joined: 25 Jun 2010, 20:18

Bildebank, Skodje kommune

Post by Haavard Hopland »

Då har eg snakka med Ingunn Stette ang. evt oppdrag for fotoklubben med å bidra til "bildebank" for Skodje kommune

Som de sikkert alle har forstått er problemstillinga at Skodje kommune har for liten/utdatert/"dårleg" bildebank til bruk i ulike samanhengar (web, stillingsannonser, plandokument, presentasjonar, osv.) og er interessert i å få fornya bildematerialet sitt.

Ho var klar på at dette ville bli eit betalt oppdrag for klubben, men utover generelle betrakningar om kva motiv-genrar som bør dekkast, hadde ho ingen formeining om kva omfang /antall bilder kommunen såg for seg at klubben skulle bidra med.
Utover det umiddelbare behovet for opddatering av bildebanken, såg ho kanskje for seg at det kunne bli eit vidare, "kontinuerleg" samarbeid - der fotoklubben supplerer kommunen med ferske bilder, for å dekke inn skiftande årstider, events, og generelt behov for ferskvare.

Ein viktig del av denne bildebanken vil vere miljøbilder, f.eks. frå skule, barnehage, sjukeheim, arbeidsliv, osv.
Vi prata ein del om det prinsipielt problematiske med å bruke bilder med identifiserbare personar, og då særleg barn.

Anyway - kommunen hadde som nevnt ingen klar formeining om korleis rammene omkring eit innkjøp/samarbeid med fotoklubben skulle vere - og gav dermed fotoklubben tabula rasa ift. å definere ein leveranse/samarbeid. Eg sa derfor at vi skulle diskutere dette vidare i klubben (styret) - og melde tilbake til kommunen om kva vi evt. kan levere (omfang & innhold) og vilkår (pris, rettigheiter, osv) - og muligheiter for vidare / fast samarbeid.
Eg sa også sjølvsagt at vi i utgangspunktet stilte oss svært positiv til henvendelsen frå kommunen - men at vi pr. dato ikkje har drive kommersielt arbeid gjennom klubben, og at vi derfor må finne ut korleis vi evt. skal handtere dette (bla bla bla...)

Eg kan gjerne følge opp denne saka vidare, men utover sunn(?) fornuft ift. å sette opp eit leveringsomfang fordelt pr. motiv-genre, har eg ingen forutsetning for å definere handtering av identifiserbare personar, bilderettigheiter, pris og slike ting.
Eg hadde derfor satt pris på om styret kunne ha ein "brei debatt" omkring dette på neste styremøte, alternativt hatt ei separat samling, med formål å skissere eit utkast til kommunen. Og forsåvidt også korleis klubben (eventuelt) skal gjennomføre dette i praksis.

Synspunkt?

User avatar
Hilde Soerdal
Posts: 187
Joined: 09 Dec 2010, 22:14

Re: Bildebank, Skodje kommune

Post by Hilde Soerdal »

Dette må no vere ein svært så god start, Håvard. Godt jobba :)
Enig i at vi treng litt tid, sikkert lurt å tenke og diskutere litt i styret før ein set opp eit forslag til avtale.

User avatar
John Colbensen
Posts: 792
Joined: 27 Jun 2010, 22:47
Contact:

Re: Bildebank, Skodje kommune

Post by John Colbensen »

Prosjektet kom vel i land ...og mer til...
Jeg lurer bare på om kommunen har blitt fakturert for dette ? :D

User avatar
Haavard Hopland
Posts: 57
Joined: 25 Jun 2010, 20:18

Re: Bildebank, Skodje kommune

Post by Haavard Hopland »

Porsjektet kom i havn, ja - men vi bør no prøve å slurpe i oss litt til, medan sugerøret er intakt...
Vi har fortsatt intensjonsavtale om å supplere bildebanken vidare framover - og det må vi prøve å følge opp. Det er nesten gratis pengar!!

Vi får ta opp igjen den tråden litt lenger ut på våren, kanskje?

Og - til spørsmålet ditt: Fakturagrunnlag er oversendt vår godt nedlessa kasserar, so om det ikkje er fakturert, so blir det det nok snart!

User avatar
John Colbensen
Posts: 792
Joined: 27 Jun 2010, 22:47
Contact:

Re: Bildebank, Skodje kommune

Post by John Colbensen »

Glimrande Håvard...Gratis penger er ikke så verst :D

User avatar
Arnold Hoddevik
Posts: 532
Joined: 24 Jun 2010, 15:20
Location: Skodje
Contact:

Re: Bildebank, Skodje kommune

Post by Arnold Hoddevik »

Flaskehalsen er øvst oppe på flaska, på dei fleste flasker. Det blir kanskje neste veke tid til å komme i gang med rekneskapet for 2013, fakturering av bildebank inkludert
Beste helsing
Arnold Hoddevik
91179866, arnold@stayon.no

Post Reply